onsdag 18. mai 2016

Litt nytt

Det er på tide med litt oppdatering på sida til Fusa Husflidslag. Vi har, som de har merka, lege i dvale i tre år, men vakna til live att i februar 2016. Då vart det halde årsmøte og nytt styre vart valt. Torill Os Ådland vart leiar,  Anne Lise Furubotn  nestleiar og ansvarleg for Ung husflid, Turid Grimstvedt vart skrivar, Toralv Huse kasserar og Olaug Bjørndal studieleiar. Som varamedlemmer møter Ingvild Aadland og  Anne Lise T. Matland.
Medlemstalet gjekk ned i dvaleperioden, men er no på veg opp att. Vi ønskjer nye medlemmer velkommen. Ein kan bli medlem ved å gå inn på Norges husflidslag si side og finna lokallaget der, eller ein kan ta kontakt med Turid Grimstvedt i styret. Andre som er medlem av Norges husflidslag kan verva nye medlemmer.
Husflidslaget har starta forsiktig med to temamøte i Sanitetshuset i Eikelandsosen. Møta er opne for
alle, og vi held no på å planleggja tema/aktivitetar for hausten. Kanskje nokon har framlegg eller ønskje om ein aktivitet.
9. mai starta vi med kurs i kipebinding med Arnljot Fosse som lærar. Kurset vart fullteikna på kort tid og skal halda fram til hausten. Det var kjekt at vi trefte med første forsøk på kurstilbod. Til hausten vil det bli fleire tilbod, og vi tek gjerne imot forslag. Det må vera mogeleg å skaffa lærar for at vi kan få i gang noko, så kanskje nokon sit med ønskje om å læra noko vidare til andre?  Husflidslaget skal vera tradisjonsberar, og mange handtverkssyslar står i fare for å forsvinna om ikkje noko vert gjort.
Det er bra at vi er i gang igjen, og vi håper på interesse og engasjement frå alle husflidsinteresserte.

torsdag 1. mars 2012

STRIKKEKAFFÈ I BIBLIOTEKET

I Februar prøvde me oss med Strikkekaffè i biblioteket.
Strikkinga gjekk veldig bra, men me var så ivrige at me gløymde kaffi.
Det skal med hugse neste gong som er 3.mars.

Det er veldig greitt å kunne bruke ei formiddagstund til helgehandelen og deretter kombinere bibliotekbesøket med ei koseleg strikkestund til felles inspirasjon.
I biblioteket var det òg utstilt strikkebøker og blad blant alt det andre som fristar oss der.
Vonar mange kjem komande laurdag.